manifest

JERNROSA Politisk Litteraturfestival vil vera ein standpunktfestival og ein arena for den litteraturen som tar stilling i samfunnsdebatten og som prøver ut kva litteratur kan vera i det kontinuerleg foranderlege grensesnittet mellom litteratur og samfunn.

JERNROSA Politisk Litteraturfestival vil skapa ein arena for å synleggjera, fremma og levandegjera ikkje-kommersiell kunst- og meiningslitteratur av høg kvalitet.

JERNROSA Politisk Litteraturfestival vil revoltera mot ein stadig meir bestseljarorientert, føreseieleg og kommersialisert litteraturmarknad og etablera og utvikla ein nyskapande arena for politisk litteratur (ikkje tydd som partipolitisk, men i tydinga; litteratur som deltar i Polis – og som tar stilling i sentrale samfunnsdebattar).

JERNROSA Politisk Litteraturfestival vil finna fram til dei viljesterke og grenselause politiske forfattarane og poesifilosofane, dei som skriv litteraturen sin gorrlaust. Dei som, med trollsplint i auga, gjer samtidslitteraturen til ein tankevekkande og provokant spegel for vår tid og som ikkje vandrar komfortsøkande og popularitetsstyrte langs bestselgeriets opplyste autostradaer, men som går inn i dei uopplyste mellomromma, dei stadene i menneskelivet og samfunnet som treng litteratur som vågar, som brenn, som svir.

Jernrosa-logo med flamme
Sponsorar