Historikk

Ideen om JERNROSA Politisk Litteraturfestival har sine røter i, og er ei vidareutvikling av, den spontane solidaritetsaksjonen som oppstod under Nordisk Smedfestival i Odda 11.-13. august 2011, der det blei tatt eit initiativ til å smi jernroser som eit handfast motsvar til terroren som rørte seg i Oslo og på Utøya berre få veker tidlegare.

Som eit konkret uttrykk for, og ei vidareføring av solidaritetstanken, tok den svenske smedforeininga, saman med Arbetarnas Bildningsförbund, eit initiativ til å smi verdas største jernrose. Denne blei sidan gitt som solidaritetsgåve til det norske folket ved Odda Smedforening.

Rosa har ei lang historie som symbol på solidaritet, kjærleik, engasjement og motstandskamp. I den indre tyske motstandskampen mot nazismen før og under den førre verdskrigen, fekk organisasjonen Den kvite rose ein særleg plass. Innan arbeidarrørsla har den raude rosa vore det samlande symbolet på solidaritet og motstand.

Som symbol sameinar JERNROSA venleiken til den levande blomen og styrken og seigheita til det handsmidde jernet, den solidariske kampen arbeidarrørsla, historisk, har kjempa for eit betre samfunn for alle og den kompromisslause kampen til dei som, i dag, kjempar mot samfunnets nedbrytande og menneskefiendtlege krefter.

JERNROSA Politisk Litteraturfestival vart arrangert for fyrste gong i 2016.

Sponsorar