Smittevern

Jernrosa 2021

Jernrosa Politisk Litteraturfestival følgjer dei nasjonale retningslinene for kulturarrangement utarbeidd av FHI og Helsedirektoratet.

Vi har avgrensa talet på deltakarar ved årets festival til maks 100 personar per dag.

Billettar bør kjøpast på førehand på ebillett.no (fredags- og festivalpass eller lørdagspass) eller på Odda Bibliotek.

Kva gjer vi på arrangementa?

Alle arrangementa på årets festival skjer i storsalen på Odda Kino.

Lokala blir reingjorte mellom kvart arrangement.

Ved inngangen må alle publikummarar spraya hendene sine med Antibac.

Ved inngangen må alle publikummarar registrera seg med namn og telefonnummer.

Alle medverkande og frivillige skal vera friske.

Det skal oppretthaldast minst 1 m sitteavstand mellom dei som er til stades.

Munnbind skal brukast når ein beveger seg i lokalet.
Med andre ord når ein beveger seg langs seteradene, og når ein går inn/ut av lokalet.

Det blir sett ut Antibac til fri bruk i lokalet. Bruk det ofte.

Kva må du gjera som publikummar?

Det viktigaste av alt: Er du sjuk eller i karantene – Hald deg heime!

Hald 1 meters avstand til andre. Alltid.

Du bør kjøpa billett på førehand.

Du må registrera deg med namn og telefonnummer.

Vask henda ofte og bruk Antibac’en som står i lokala.

Hald deg til din faste sitteplass.


Sponsorar