Smittevern

Jernrosa 2020

Jernrosa Politisk Litteraturfestival følgjer dei nasjonale retningslinene for kulturarrangement utarbeidd av FHI og Helsedirektoratet.

Vi har avgrensa talet på deltakarar ved årets festival til maks 50 personar.

Det blir berre seld festivalpass til årets Jernrosa for slik ytterlegare å redusera det totale talet på publikummarar som er til stades på festivalen.

Festivalpass kjøpast på førehand på ebillett.no eller på Odda Bibliotek. I år blir det ikkje sal av festivalpass eller enkeltbillettar i døra ved arrangement.

Vi har konsentrert programmet rundt 5 sentrale forfattarar og 2 musikarar, for slik ytterlegare å redusera talet på personar til stades i arrangementslokala.

Kva gjer vi på arrangementa?

Alle arrangementa på årets festival skjer i 1. etasje på Sentralbadet Litteraturhus.

Lokala blir reingjorte mellom kvart arrangement.

Ved inngangen må alle publikummarar spraya hendene sine med Antibac.

Ved inngangen må alle publikummarar registrera seg med namn og telefonnummer.

Alle medverkande og frivillige skal vera friske.

Lokalet blir innreia slik at det er minst 1 m sitteavstand mellom dei som er til stades.

All servering skjer som bordservering med bestilling frå mobil.

Det blir sett ut Antibac til fri bruk i lokalet. Bruk det ofte.

Kva må du gjera som publikummar?

Det viktigaste av alt: Er du sjuk eller i karantene – Hald deg heime!

Hald 1 meters avstand til andre. Alltid.

Du må kjøpa festivalpass på førehand.

Du må registrera deg med namn og telefonnummer.

Vask henda ofte og bruk Antibac’en som står i lokala.

Hald deg til din faste sitteplass.

Bestill servering mens du sit ved bordet.


Sponsorar